PÅMELDING

Ein festival utan utstillarar er som ein marknad utan bodar – noko viktig manglar. Utstillarar er ofte hjarta i ein festival.

 Matkulturfestival i Øvre Eidfjord


Laurdag 11.oktober 2025 kl. 11-16

Hardanger Matkulturfestival vil laurdag 11.oktober invitera til Matkulturfestival ved Norsk

Natursenter i Øvre Eidfjord.


Matkulturfestival

Ein Matkulturfestival skapar mykje liv, glede og positivitet, og du/de som utstillarar er ei særs

viktig brikke for å gjera dagen vellukka! Det blir koseleg hauststemning framme ved

Hardangerviddahallen. Her vil me setja opp eit stort Marknadstelt telt 9 x 18 meter på

asfalten. Me vil laga koseleg stemning på plenen rundt området med lavo, bålpanner,

småtelt og aktivitetar for borna. Me håpar på eit flott haustvêr! Me veit at denne årstida kan

by på store variasjonar, så derfor går me for eit større marknadstelt til alle produsentane

med oppvarming.


Standleiga

Prisen for standleiga er 1000 kr. Du treng ikkje ta med bord eller benk, me ordnar dette for

deg. Du kan betala på vipps eller be om faktura på e-post. Ta med eigen skjøteleding om du

treng straum.

Forventning til utstillarane våre

Viktig fokus for Hardanger Matkulturfestival som arrangør er at me tilbyr kvalitetsprodukt som

skal vera frå eigne og norske råvarer. Meir detaljert program kjem etterkvart på nettsida vår, facebook og instagram-sida.


VIL DU VERA UTSTILLAR

Vil du bli med oss som utstillar på Matkulturfestivalen?

Send påmelding til hardangermatkulturfestival@gmail.com eller

send ei melding til Helene Bratland på 98454143.

Velkomen til Hardanger Matkulturfestival i Øvre Eidfjord!

Me gler oss!


Helene Bratland (mobil 98454143)

- Marknadsansvarlege