ARTISTER 2016

Alexander Aga Røynstrand er årets festival musikker

Alexander Aga Røynstrand er 20 år, og har spelt fele sidan han var 7 år. Han har delteke på ei rekke kappleikar sidan 2002, og har dei tre høgste plasseringane i juniorklassa på landskappleiken. Han har spelt på mange konsertar, saman med musikarar og songarar frå fleire kantar av landet. Han gjekk musikklina på Voss gymnas og har teke eit år med høgskoleutdanning i fokemusikk på Rauland. Læremeistrane hans har vore Åse Teigland, Steinar Rygg, Jan Beitohaugen Granli, Per Åsmund Omholt, Torgeir Straand, Frank Rolland, Herbjørn Liahagen, Hilde Kirkebøen, Annbjørg Lien, Susanne Lundeng, Øystein Velure - og sist men ikkje minst Knut Hamre. Alexander er ein miljøskapar og inspirator for andre. Han ser på dei tradisjonelle slåttane som noko han får lære - og får sette sitt preg på. Han komponerer også musikk sjølv, forankra i tradisjonen.


OLE GJERDE

Ole Gjerde kjem frå Omastrand i Hardanger. Han byrja spele toradar i tenårene og har sidan vore aktiv på kappleikar og festivalar, både solo og i gruppa Hevd. For tida studerer han til å bli hardingfelemakar ved Ole Bull Akademiet på Voss.


Olav André Eidnes

Olav André frå Eidfjord, spelar coverlåtar frå kjente og ukjente artistar i alle sjangre.