Hardanger Mathulturfestival
 
HEIM
 
OM MATKULTUR
 
KULTURPROGRAM
 
OVERNATTING
 
MATKONFERANSE
 
PÅMELDING
 
KONTAKT OSS

Årets Matkulturfestival er helga
15-17 oktober 2010

*Tradisjonsmat *Kunst *Kultur

Årets tema: "Matkultur gjennom generasjonar"

Nytt av året: "Den store Matkonferansen" fredag 15. oktober!

Velkomen til

Harald Osa, leiar i Stiftelsen Norsk Matkultur og Torhild Sivertsen som er årets inviterte festivalgjester. Ingrid Espelid Hovig og Astri Riddervold har også takka ja til å vitja festivalen i oktober.

Velkommen til Eidfjord som har lange tradisjonar som turistdestinasjon. Hardanger Matkulturfestival Eidfjord er ein festival som forsøker å skapa ein møtestad mellom tradisjonsberarar og presentera historia vår gjennom lokale mattradisjonar, handverkstradisjonar og kunstnarleg innslag for liten og stor. Så det er berre å gleda seg til årets festival som er den 15-17 oktober.

Hovudarena for festivalen er Hardangerviddahallen i Øvre Eidfjord.


2009-festivalen er over og me er strålande fornøgde.

Nærmare 950 små og store matglade gjester var samla i Hardangerviddahallen denne helga.

Ingrid Espelid Hovig, Astri Riddervold og Bodil Nordjorde kunne ikkje skryta nok av festivalen vår.
Dei satte særs fokus på den gode og tradisjonsrike maten, dugnadsånda og dei flotte lokalitetane.

No  har me valgt nytt styre og planlegginga av årets festival er i gang. Me vil i år utvida festivalen med seminar på fredag.


Styret i 2010 er
Britt sæbø, leiar
Irene Bjotveit, nestleiar/økonomi
Marita Garen, marknadsleiar
Marit Bremnes, kulturprogram
Siv Hereid, matservering
Heidi Kvamsdal-Naesheim, marknadsføring

Teknisk, Leiv Henry Sæbø og Nils Garen

Styret i HME var til Berlin og Grüne Woche 14-17 januar 2010 og henta ny inspirasjon til planlegging av årets festival. Grüne Woche i Berlin er verdas største messe for mat/reiseliv, landbruk og hagebruk.