Påmeldingskjema marknad
Invitasjon til å delta på «Marknad» under Hardanger Matkulturfestival i Eidfjord laurdag 11.oktober 2025
Marknadsdagen er laurdag 11.oktober frå kl. 11 -16.
Rigging kl. 09.30- 10.30. Nedrigging etter kl. 16.
De som utstillarar betyr mykje, og er ei særs viktig brikke for å gjera festivalen vellukka!
Festivalen er kjent for sine kvalitetsprodukt, gode lokalitetar, program, folkeliv og tradisjonelle aktivitetar.
Marknaden er ute i eit stort telt som skal romme dei fleste utstillarane.
Teltet vert oppvarma etter behov, fyll inn skjema for bestilling av stand og tilleggsutstyr:
Matprodukta skal vera frå eigne og norske råvarer.
Handverk skal vera av god kvalitet og bør vera forankra i norsk tradisjon.
Pris pr. standplass er kr 1.000,-
Straum er gratis.
Standleiga blir fakturert.