ARTISTER 2014

Alexander Aga Røynstrand er årets festival musikker

Alexander Aga Røynstrand er 20 år, og har spelt fele sidan han var 7 år. Han har delteke på ei rekke kappleikar sidan 2002, og har dei tre høgste plasseringane i juniorklassa på landskappleiken. Han har spelt på mange konsertar, saman med musikarar og songarar frå fleire kantar av landet. Han gjekk musikklina på Voss gymnas og har teke eit år med høgskoleutdanning i fokemusikk på Rauland. Læremeistrane hans har vore Åse Teigland, Steinar Rygg, Jan Beitohaugen Granli, Per Åsmund Omholt, Torgeir Straand, Frank Rolland, Herbjørn Liahagen, Hilde Kirkebøen, Annbjørg Lien, Susanne Lundeng, Øystein Velure - og sist men ikkje minst Knut Hamre. Alexander er ein miljøskapar og inspirator for andre. Han ser på dei tradisjonelle slåttane som noko han får lære - og får sette sitt preg på. Han komponerer også musikk sjølv, forankra i tradisjonen.


Podsoll spellar til dans i Hardangerviddahallen lørdags kveld

Podsoll Trio er kanskje distriktets beste og mest profilerte coverband. Med den karismatiske vokalisten Odd Erik Egge som frontmann vert det garantertet fest & baluba. Bandet river deg ut på golvet med rykande god rock’n roll, drivande blues og flotte ballader. Podsoll Trio speler kjente og kjære klassikarar med brei appell hos publikum. Podsoll har etter mange år på vegen spelt på seg ein erfaring som garanterer for ein vellukka kveld med god stemning og høg danse & allsang faktor. Foruten vokalist Odd Erik Egge, består Podsoll av Rune Rødne på keyboard og Arne Haugen på trommer.


Spektakulert "Halling Show" lørdag kl. 15


Toneskredo

er eit blandakor frå Eidfjord med om lag 25 medlemar som vart starta i 1990. Det er eit kor med variert program. I tillegg til eigne prosjekt, har dei hatt fleire prosjekt saman med profesjonelle aktørar, og nokre prosjekt saman med Chorus-80 frå Ullensvang. Koret vert dirigert av Hilde Anette Oksavik Bu og Lynna Deneva.