Slaget om Hardangerbrygget 2016

Laurdag 15. oktober arrangerer Hardanger Matkulturfestival Eidfjord bryggekonkurranse for tredje året på rad. 

 

I år skal det kårast ein vinnar i desse fire klassane: Lys ale, IPA, sterk øl og tradisjonelt heimabrygg. Av desse, skal ein velgja ut det brygget som vert "Årets Hardangerbrygg".

Premieutdeling til vinnarane vil skje under festimiddagen på laurdag i Eidfjord.

Dommarar i ølkonkurransen er Jeanette Lillås (Voss Bryggeri), Bent Engen (Norbrygg) og Agnar Målsnes.

 

KONKURRANSE REGLAR :

  1. Det kan bryggast i følgjande kategoriar definert av Norbrygg, lys ale (4), IPA (6), sterk øl (9) og tradisjonelt norsk heimabrygg (13G).
  2. Brygg til konkurransen leverast på valgfri glasflaska utan etikett/merking.
  3. Flaskeskjemaet (sjå under) skal fyllast ut tydeleg med store bokstavar, og festast med strikk/hyssing/bånd (ikkje tape eller lim) på KVAR flaske.
  4. Kvar deltakar kan levera inn to brygg. Ein deltakar vert definert som opp til to bryggarar (hovedbryggar og medbryggar).
  5. Ein kan berre stå oppført på eitt bryggelag.
  6. Det skal leverast tre flasker av kvart brygg. Flaskene skal pakkast forsvarleg og sendast til: Hardangervidda Natursenter 5784 Øvre Eidfjord. Merk pakken: «Ølkonkurranse». Bruk rikeleg med bobleplast og/eller barnebleier (godt tips) som emballasje i tilfelle lekkasjer.
  7. Personlig innlevering kan gjerast til Hardangervidda Natursenter Øvre Eidfjord. Husk å melde på øla dine til arriber@online.no sjølv om du leverer på natursenteret.
  8. Siste frist for innlevering er torsdag 13 oktober 2015. Med andre ord at pakken må vera kome eller levert personleg innan denne datoen (send pakken i god tid).

Flaskeskjemaet for innmelding finn de herhttp://static1.squarespace.com/static/536b4d8ae4b0128e37aad7e2/t/53aaff95e4b036fbbc37b129/1403715477233/MKF_Innmelding_Hjemmebrygg.docx

Alle innleveringar vil få ei vurdering som vert levert/sendt ut i etterkant til deltakarane.

Viss ein har spørsmål eller treng meir informasjon om konkurransen, ta kontakt med Arild Riber (tlf.nr: 992 97 976 / mail: arriber@online.no) eller ein av dei under.


Me ser fram til ein spanande konkurranse, og håpar mange ynskjer å delta. Lykke til!!

 


I 2015 arrangera Matkulturfestivalen for andre gong Heimabryggkonkurranse!
Det skjer i forbindelse i med ølseminaret  laurdag den 17. oktober.


Det konkurreres i 4 kategorier: lys lager, mørk belgisk ale, hveteøl og Heimabrygg/ Kodnøl.

Det vert ein innleiande runde med bedømming og ein vinnar i kvar kategori, som går vidare til finalen og kåringa av det beste ølet.
Premie utdeling til vinnaren og finalistane vil skje under festmiddagenlaurdag kveld.

 

Konkurranse reglar :

  1. Det kan bryggast i alle klassar i følgjande kategoriar definert av Norbrygg, lys lager, Mørk belgisk Ale, hveteøl og Heimabrygg/ Kodnøl.
  2. Brygg til konkurransen leveres på valgfri glassflaske uten etikett/merking.
  3. Flaskeskjemaet (sjå under) skal fylles ut digitalt (OBS! Ikke håndskrift!), skrives ut og festast med strikk/hyssing/bånd (ikkje tape eller lim av noko slag!) på KVAR flaske. flaske.
  4. Kun 1 brygg pr. deltager er tillatt. En deltager defineres som opp til to bryggere, dette skal oppgis som «hovedbrygger» og «medbrygger» på skjemaet.
  5. Du kan bare stå oppført på 1 bryggelag.
  6. Flaskene pakkast forsvarlig og sendes til: Hardangervidda Natursenter 5784 Øvre Eidfjord. Merk pakken: «Heimabryggkonkurranse » bruk rikeleg med bobleplast og bleier (godt trick!) som emballasje, i tilfelle lekkasjer.
  7. Personlig innlevering kan gjerast til Hardangervidda Natursenter Øvre Eidfjord. Husk å melde på ølen(e) din(e) til broggeteltet@gmail.com selv om du leverer hjå Natursenteret.
  8. Siste frist for innlevering er torsdag 15 oktober 2015, dvs. at pakken må være ankommet eller levert personlig, innan denne datoen.  Med andre ord: planlegg og send pakken i god tid! Påmeldingar etter denne tid vil ikkje verta mottatt eller vurdert for konkurransen.

Flaskeskjemaet for innmelding finner dere her.

Alle spørsmål el info ang konkurransen ta kontakt med Øyvind Sandstå tlf. 907 69 204, email broggeteltet@gmail.com
Me gleder oss til ein spennande konkurranse, lykke til alle bryggarar!

 

Mer info kommer snart!