FESTIVALKUNSTNER 2017

Ådne Dyrnesli

Fødd: 28.09.1993
Utdanning:
NRK Nynorsk mediesenter, Førde, 2017 -
Kunsthistorie årsenhet, Universitetet i Oslo, 2015 - 2016
Toårig Fotografutdanning, Bilder Nordic School og Photography, 2013 - 2015
Proffoto, Lofoten Folkehøgskule, 2012 - 2013
Stipend og utmerkingar:
Artist in residence, Berlin, Hardanger kunstlag, 2017
Kulturstipend, Sparebankstifitinga Hardanger, 2016
Sølv, Årets nykommer, Gullsnitt 2014
Utstillingar:
Kvardagens ferjereiser , Separatutstilling, Agatunet, 2017
Limbo – Identities in transition , Gruppeutstilling, Oslo, 2015
Utendørs utstilling, Uncontaminated Oslo, Gruppeutstilling, Oslo, 2015

 

Kvardagens ferjereiser
Båten var lenge det mest brukte framkomstmiddelet langs kysten og i fjordane i Noreg. Då bilen kom i fyrste halvdel av 1900-talet, erstatta bilferjene mykje av båttrafikken. Fjorden var ikkje lenger ei samlande ferdselsåra. Ferjene vart utforma med store vindauger, soldekk og salongar med kafeteria og røykerom. På veggane hang det landskapsbilete i fall vêret øydela for utstikta.
Bruer og tunellar erstatter i dag fleire og fleire av ferjesambanda. Ferjefri E39, frå Trondheim til Kristiansand skal halvera køyretida og korta strekninga med 50km. Ferjene er ikkje lenger effektive nok.
Bileta er tekne på ferjer i Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. Eg har freista gje eit bileta av kva ferjene er, kva det har vore og kva som kan forsvinna.

www.adnedyrnesli.com

ÅdneDyrnesli-001-3.jpg
Kvardagens_ÅdneDyrnesli-001.jpg

FESTIVALKUNSTNER 2016

LinaLyng

LinaLyng (Lina Valland Lyngset) er fødd i 1977, oppvaksen og busett i Norheimsund i Hardanger. Har også budd 10 år i Bergen og 2 år i Eidfjord.

Sagt om LinaLyng

“LinaLyngs titler er små narrativer som tilfører bildene en poetisk dimensjon, noe som vekker underliggende følelser i betrakteren. I møte med bildene tas man med på en introspektiv reise i menneskesjelens skjulte rom. Her kommer man i berøring med det som er glemt og gjemt, man nøster i usynlige tråder og løser opp floker som har filtret seg sammen. Slik nærmer man seg kjernen i seg selv, og man grunner over hva som er viktigst i livet. LinaLyngs bilder minner oss på at man må ha et åpent hjerte. Man må være varsom og tørre å kjenne på det som kan være vanskelig for å komme i kontakt med seg selv og den gudommelige kraften. Slik kan man få et rikere liv og dermed bli bedre medmennesker."

(Trude Krane – senter for kristen kunst)

Eg set stor pris på å bli invitert til å vera festivalkunstnar på Hardanger matkulturfestival fordi det på mange måtar kjennest som det var her kunstnarspira LinaLyng fekk lov til å fødast. I perioden 2002-2004 budde eg med familien i Eidfjord og det var her eg begynte å mala bilde i stort format. Me kom til Eidfjord fordi mannen min skulle ha distriktsturnus som medisinstudent. Me fekk også leiga eit mykje større hus enn me som studentar hadde hatt i Bergen. Eg hadde ikkje jobb, men sende likevel eldste sonen vår (som då var eitt år) i barnehage fordi me ikkje hadde noko anna nettverk i bygda då me kom. Brått hadde eg både tid og plass til å mala. Sjølv om eg er oppvaksen i Hardanger, opplevde eg det å koma til Eidfjord som både annleis og eksotisk. Naturen her inne er på mange måtar råare enn i Norheimsund, ein har dei bratte fjellsidene svært tett på og det er lengre til andre bygder enn i Kvam. Eg trur dette er med på å skapa eit heilt spesiell kultur mellom folk i Eidfjord. Dette endra meg på så mange måtar, som om både naturen og kulturen danna rammer som inviterte til eit kreativt vakum der det var enkelt for meg å skapa.

Bildet “Fjell kan flytta tru” er mala med utgangspunkt i Eidfjord-tida.

Etter Eidfjord fullførte eg ei lang akademisk utdanning med mellom anna hovudfag i pedagogikk. Det var aldri planen min å bli kunstnar, sjølv om eg teikna og mala svært mykje i oppveksten. Men trongen til å mala pressa seg likevel fram, parallelt med studiar, familieliv og arbeid. Eg hadde mi første utstilling i Norheimsund i 2011 og kunstnarkarrieren har sakte men sikkert teke ein stadig større bit av arbeidslivet mitt etter dette. Eg meiner likevel at den samfunnsvitskapelege utdanninga mi stadig trengjer seg gjennom i kunsten også, då tematikken i bildene ofte handlar om nære relasjonar, barn, livsfasar og personleg utvikling.

 

Det handlar ofte om sterke kjensler med tilhøyrande sterke fargar og dei store spørsmåla i livet i bildene mine. Eg er oppteken av å verna om fridomen i den kunstariske prosessen, og legg vekt på å følgja intuisjonen, dragninga i magen mot bestemte fargar, linjer og motiv. Fargane får ofte spela hovudrolla, og det særprega uttrykket kjem fram ved at eg arbeider mykje lag på lag. I tillegg til fargebruken, er det spesielt dei underfundige titlane folk festar seg spesielt ved ved bildene. Titlane gjenspeglar at eg er oppteken av tekst, lyrikk og musikk. Eg veit veldig ofte ikkje heilt kva eg malar før tittelen kjem til meg, og det kan skje både tidleg og seint i prosessen. Ved å mala utforskar eg kjensler og opplevingar som ikkje er tilgjengelege for meg gjennom ord. Denne samanhangen er utrulig sterk for meg, og den er grunnen til at eg berre MÅ mala. Når det då plutseleg kjem ord til eit bilde eg held på med, så er det ei svært underleg oppleving for meg. Og det er ikkje slik at eg forstår alt i mitt eige bilde kun fordi dei orda "høyrte til". For meg sjølv held ord og bilde fram med å dirra saman på ein meir eller mindre uforståeleg måte i år ut og år inn.

For tida arbeider eg med å fordjupa meg i kva den vakre naturen i Hardanger gjer med oss som bur her, og eg er spesielt oppteken av planter og blomar og alt det desse kan sei oss om å vera menneske. Eg håpar å ha med ein del nye bilde til festivalen i oktober. I tillegg vil eg selja numererte giclee-trykk frå tidlegare år også.

 

Les meir om LinaLyng og sjå fleire bilde på www.linalyng.no

 

Bente2.png