Hardanger Matkulturfestival Eidfjord er ein festival som forsøker å skapa ein møtestad mellom tradisjonsberarar og presentera historia vår gjennom lokale mattradisjonar, handverkstradisjonar og kunstnarleg innslag for liten og stor. Hovudarena for festivalen er Hardangerviddahallen i Øvre Eidfjord.

Første året med Hardanger Matkulturfestival Eidfjord var 28. - 30. oktober i 2005. Festivalen var ei stor oppleving, difor bestemte festivalnemnda seg for ein årleg festival.

Tidspunktet er lagt til seinhausten då årets grøde er vel i hus. Det er tid for lange kveldar innomhus, gode råvarer og samlingar kring matbordet.

I åra etter 2005 har me hatt eit nytt tema kvart år:

Tema i 2006: KORN- brødbake konkurransen

Tema i 2007: FISK & SKALLDYR- fiskekake konkurranse

Tema i 2008: VILT OG GODT- pai konkurranse

Tema i 2009: MJØLKEMAT- ostekake konkurranse

Tema i 2010: TRADISJONSMAT GJENNOM GENERASJONAR

Tema i 2011: FRUKT OG GRØNT

Tema i 2012: MATKULTURÅRET 2012

Tema i 2013: Matkulturborn "Tradisjonsmat er digg"

Tema i 2014: 10-års jubileum!

Tema i 2015: Matkultur med globak smak

Tema i 2016: Matregionen Hardanger


Hovudarena for festivalen er Hardangerviddahallen, i Øvre Eidfjord ved Hardangervidda Natursenter.

HME etablerte seg i 2005 som ein dugnad mellom enkeltpersonar, organisasjonar og bedrifter i Eidfjord.

HME sitt føremål er:
* å styrkja lokale mattradisjonar gjennom kunnskapsoverføring
* å fokusera på og stimulera til bruk av lokalproduserte råvarer, og å varer hausta frå naturen
* skapa nye matrettar bygd på tradisjonelle råvarer
* skapa møtestad mellom tradisjonsbærarar, fagfolk, produsentar og publikum
* ivareta utviklinga og samarbeidet med "Hardanger Meny"
marknadsføring av Eidfjord og Hardanger og vår kunst og kultur

Festivalen sitt innhald:

* fagleg innslag
* kunstnarleg innslag
* marknad
* demonstrasjonar og salg / smakebitar av lokal tradisjonsmat
* tilbod om kurs i ulike matkulturelle emne
* barneaktivitetar
* sosialt samvær

HME har vokse og de siste åra har festivalen hatt besøk av nærmare 1000-1200 gjester

Målet er at HME skal vera ein årleg festival. Den skapar aktivitet i skuldersesongen og styrker næringslivet. For festivalane 2005 til og med 2015 opplevde me å nå føremåla.

Helsing Gladjentene